Avstandskrav
Det er sett fleire typar krav til avstand. Her er tatt med 7 av dei.
 
1. Avstandskrav til nabogrense. Pbl 2008 §29.4.

Pbl § 29-4. Byggverkets plassering, høyde og avstand fra nabogrense.
Byggverkets plassering, herunder høydeplassering, og byggverkets høyde skal godkjennes av kommunen. Kommunen skal påse at veglovas bestemmelser om byggegrense og frisikt blir fulgt. Bygning med gesimshøyde over 8 meter og mønehøyde over 9 meter kan bare føres opp hvor det har hjemmel i plan etter kapittel 11 eller 12.
Hvis ikke annet er bestemt i plan etter kapittel 11 eller 12, skal byggverk ha en avstand fra nabogrense som minst svarer til byggverkets halve høyde og ikke under 4 meter.
Kommunen kan godkjenne at byggverk plasseres nærmere nabogrense enn nevnt i andre ledd eller i nabogrense:
a)  når eier (fester) av naboeiendommen har gitt skriftlig samtykke eller
b)  ved oppføring av garasje, uthus og lignende mindre tiltak.
Nærmere bestemmelser, herunder regler om avstand mellom byggverk, beregningsmåten for høyde, avstand fra nabogrense og areal på bygning som nevnt i andre ledd bokstav b, gis ved forskrift.

  • Krava til avstand til nabogrense i Pbl§29.4, gjeld på lik linje for bygg og andre konstruksjonar (til dømes murar) Sjå H-18/90.
  • Tiltaket/byggverket kan ligge nærmare nabogrense om det ligg føre skriftleg samtykkje frå nabo. Dette er privatrettsleg, og det er opp til nabo om denne vil gje slikt samtykkje.
  • Pbl§29-4b. ”Mindre tiltak” er definert i TEK§6-4.: Tiltak med BYA/BRA<50m2
    - Frå SAK§3-1b.; - kan ha kjellar, men må ikkje ha meir enn 1 høgd (etasje) med omsyn til loft
      (sjå reglar om når loft vert rekna som høgd (etasje) i
    T-1459§4-1
    - Bygget skal ikkje vere til varig opphald ("beboelse")
    - Må vere på grunn som det står bygg på frå før
  • Tiltaket/byggverket kan ligge nærmare nabogrense om det ligg føre skriftleg samtykkje frå nabo.
    Dette er privatrettsleg, og det er opp til nabo om denne vil gje slikt samtykkje.
    Les meir om privatrettslege tilhøve her.      Døme på privat avtale/samtykkje - sjå her.
  • Har du trong for plassere tiltaket nærare enn 4m, men nabo ikkje vil gje skriftleg samtykkje, må det søkast om dispensasjon frå avstandskravet. Korleis ein søkjer om dispensasjon finn du her.
Korleis reknast avstand? (ref.VTEK§6-3)

                                                                               Ytste 1m av utspring reknast ikkje med.
 

 Kor høg må konstruksjonen være før avstandskrava gjeld?

  • Rundskriv H-18/90 sei ikkje noko om avstandskrav når det gjeld terrengarbeid.
  • I ei sak som har vært hos Fylkesmann, låg ei Terrasse nede på bakken, var utført i tre og hang saman med huset - og låg 0,5m frå nabo. Fylkesmannen kravde dispensasjon frå
    Pbl§29-4 (Pbl1985§70.2.), eller samtykkje frå nabo. Utbyggar har i etterkant tatt bort terrassen og erstatta denne med steinheller. Situasjonen er vel den same for nabo, men med ei slik løysning slapp ein avstandskrava. - Ulogisk, men slik er det berre....…
  • Ein bygd open konstruksjon (til dømes terrasse eller levegg) som heng saman med huset må plasserast minst 3 meter frå grense (jf. målereglane i TEK).

Høgda på bygget verkar inn på avstand til nabogrense.

Pbl§29-4 og TEK§6-2. Høgde i Pbl§29-4, er gjennomsnittleg gesimshøgde for fasaden mot vedkommande nabogrense, målt i forhold til planert terreng sitt gjennomsnittsnivå langs fasaden.
 

 

Avstandsmåling ved oppløft og tilbaketrekt toppetasje.

 
2. Avstandskrav i reguleringsplanar. Byggeliner.
Krav til byggeliner er oftast sett i reguleringsplan eller føresegner.
Byggegrensene i plan - gjeld alle type tiltak.
Du kan lese meir korleis du søker om dispensasjon frå krava, her.
 

3. Avstandskrav i forhold til veg.
Avstand rekna frå senterline offentleg veg til næraste bygg/tiltak:
Riksveg/Europaveg/Fylkesveg - 50 m
Kommunal veg - 15 m.

Kva kan byggast innanfor byggegrensa?
Veglova§30 omtalar kva byggverk, opplag og større innretningar som omfattast av byggegrenser fastsett etter VL§29. Hovudprinsippet er at alle byggverk og innretningar må ha ”særskilt løyve” før dei kan plasserast i området innanfor byggegrensa. Føresegna gjeld også vareramper, murar og liknande innretningar og for gjerde som kan hindre fri sikt. Tre, buskar og andre plantevekstar kan krevjast fjerna om dette er nødvendig av omsyn til ferdsla eller vegvedlikehaldet.
Du kan lese meir om dette her.

Om opplag uttalar Arnulf og Gauer i Vegloven med kommentarar (1984) følgjande:
Også ”opplag” angir at ikke bare grunnfestede innretninger, men også slike som lett kan fjernes, er forbudt. Innretningen eller hensettelsens midlertidige karakter kan ikke frita for forbudet. Eksempler er båtopplag, fast parkering, hesjer, halmballer, annen lagring.

Endringar i utforminga av eit byggverk krev etter veglova§34 særskilt løyve om endringane bringer byggverket meir i strid med byggegrensa enn den var i utgangspunktet. Byggverket kan heller ikkje takast i bruk til vesentleg anna føremål enn før.

Etter VL§35 kan byggverk som blir riven eller øydelagt ved brann eller på annan måte, berre gjenoppførast i samsvar med føresegnene i VL§§29 og 30.

Søknad om dispensasjon frå byggegrense mot kommunal veg finn du her.
Rettleiing og søknadsskjema om dispensasjon byggegrense - fylkesveg finn du her.

Garasjeplassering i forhold til veg.
Det har vore vanleg praksis at garasje plassert med avstand til veg slik:

Garasjetilkomst parallelt med veg

Garasjetilkomst vinkelrett med veg

Plass til snøopplag utafor vegkanten.
Avstand mellom garasje og veg vert ofte satt til 1,5m på eigen grunn.
OBS. Kfr. lokale vegmynde.
OBS. Siktlinje.
Plass til biloppstilling utafor vegkanten - framføre garasjeport. (Det vert ikkje teke omsyn til automatisk portopnar, men det vert teke omsyn til carport).
Avstand mellom garasje og veg vert ofte satt til 5m på eigen grunn.

Veglova sett krav til snuing på eige grunn.
 


4. Avstandskrav i forhold til leidning (vatn, avlaup o.a.) i grunn.
Tiltakshavar må sjølv sjå til at tiltaket ikkje kjem i konflikt med offentleg/privat leidningsnett for vatn og avlaup.
Nokre kommunar har standard abonnementsvilkår for tvatn og avløp (VA-norm).:
"Tiltaket (bygg eller konstruksjonar) må ikkje verte plassert nærare offentlege hovudleidningar enn
4 meter."

4m-regelen kan fråvikast etter søknad dersom utbyggjar trygger drift og vedlikehald av offentlege leidningar (v/byggetiltak, rassikring, omlegging el.l.).
 

5. Avstandskrav knytt til Branntryggleik.
Når tiltaket er større enn 50m2 vert det i teknisk forskrift sett brannkrav, og dermed krav til brannavstand. Normalkravet er 8m mellom bygg.
Når bygget er frittståande - Brannkrav sjå - (Gamal TEK§7-26.2.)
Når bygget er tilbygg - Brannkrav sjå - (Gamal TEK§7-24.3a.)

 
6. Avstandskrav i nabolova.
Naboloven er privatrettsleg og vert ikkje handsama i kommunen.
 

7. Avstandskrav - andre.
Når det må verte gjeve Dispensasjon frå andre mynde
Bygg kan kome i strid med anna lovverk enn pbl. I slike tilhøve vil ein ikkje oppnå byggjeløyve før tiltaket er avklart etter alle lovverk. Søknad til bygningsmynde vil bare avklare tiltaket etter pbl. Nedanfor er det lista opp døme på slike føresegner frå anna lovgjeving (ikkje uttømmande).

Tilhøve

Min. avstand

Lovverk

Mynde

Vegmidte kommunal veg

15,0 meter

Veglova

kommunen

Vegmidte europaveg, fylkesveg og riksveg

50,0 meter

Veglova

Statens Vegvesen Region Vest

Bygg i/nær vassdrag

varierande

vassdragslova

NVE/
Fylkesmannen

Bygning ut i sjø

Ikkje aktuelt

hamne- og farvasslova

Bergen og Omland Havnevesen / kommunen

Bygg i naturvernomr.

Ikkje aktuelt

naturvernlova

Miljøverndept./ kommunen

Bygg i jordbruksomr.

Ikkje aktuelt

Jordlova

Landbruksmynde

Avstand til Kraftleidning

varierande

Energilova

Netteigar
(BKK Nett AS)

 Tilhøve vedk. avstand til veg vil normalt vurderast av bygningsmyndigheitene i samband med handsaming av byggjesøknaden, og oversendast aktuelle fagmyndigheiter. Ved tvil bør du likevel ha gjort naudsynte avklaringar med aktuelle mynde før innsending av byggjesøknaden. Om ei slik avklaring følgjer byggjesaka vil kommunen bruke kortare tid til å fatte vedtak i saka.